Heime hos oss, så… smågruppeopplegg
Det er alltid spanande å kome inn i ein ny heim. Korleis er det her? Korleis ser det ut? Kva gjer dei på? Kva er tonen her og kva er dei opptekne av, dei som bur her?
Rytmar og vanar dannar seg i ein kvar heim, og desse er med å seie noko om kva som er viktig og prioritert.
Når NT skildrar det kristne fellesskapet – kyrkja, så er ordbruken ganske så familiær. Dei kristne dannar saman ein trusfamilie og kyrkja er som ein heim. Denne serien vil løfte fram 6 gode vanar/praksisar for eit kristen fellesskap. For ein ting er heilt sikkert. Vi samlast ikkje i fellesskapet berre fordi vi har informasjonsbehov om åndelige ting. Nei, vi samlast for at trua på Jesus kan få form og uttrykk. Denne serien sit viktigaste siktemål er å etablere nokre viktige truspraksisar for oss som nytt fellesskap. Slik at vi alle kan seie: heime hos oss, så…
1: Heime hos oss, så… et vi saman
1. Kor. 11, 19-26
Måltidsfellesskapet. Det var det læresveinane, fulle av spørsmål, fekk av Jesus rett før han vart fanga og krossfest. Ikkje forklaringar, bibelutgreiingar eller solid dogmatikk. Han gav dei eit måltid. Og i alle kulturar har det lagt noko nært og livgjevande i det å dele måltid saman. Det er uttrykk for fellesskap, og samhørsle. Dei fleste familiar vil stort sett minst ha eit måltid felles i løpet av dagen. Der vert relasjonar fornya, nærleik stadfesta og akkurat som kroppen får næring av maten vi et saman, får fellesskapet rundt bordet næring av samværet. Nattverdsmåltidet er viktig for oss. Fordi Jesus sa det, og fordi trua styrkast gjennom denne truspraksisen, der vi får ta imot tilgjeving, liv og frelse.
2: Heime hos oss, så… er vi til stades
Hebr 10.23-25
Fellesskapet er vårt naturlege utgangspunkt for alle andre ting i det kristne livet. Det er familien vi høyrer til som definerer oss. Forfattaren av Hebreerbrevet byd oss om å ikkje halde oss borte når fellesskapet samlast, og er på den måten svært dagsaktuell for oss. Kor vanskeleg er det ikkje med tilstedeværelse i livet? Smarttelefonar gjev oss kontinuerlig mulighet til å møte opp utan å vere til stades. Og kor ofte vel vi ikkje å setje utelukkande individuelle lyster framføre våre fellesskapsbehov. For når du ikkje er til stades går vi andre glipp, både i husgruppene og i det store fellesskapet.
3: Heime hos oss, så… har vi omsorg for kvarandre
Det er typisk for ein heim å ha ei forplikting på kvarandre sitt vi og vel. Bøna og forbøna er kanskje den mest fantastiske måten vi kan dra omsorg for kvarandre på i det kristne fellesskapet, spesielt når den akkompagnerast av praktisk omsorg. Med stort og smått, rått og råte, så får vi legge kvarandre fram for ein allmektig og god Gud. Vi kan bære kvarandre sine bekymringar og utfordringar, gå saman med kvarandre i livets bratte bakkar, og vi kan gjere det med bøn.
4: Heime hos oss, så… ser vi mot det same
Op 19,4-10
Tilbeding i kristen samanheng handlar om å sjå kva Gud er verdt, og så gje han det han er verdt. Det betyr at tilbedinga både har ei input-side og ei output-side. Inputt-sida er ofte forkynninga. Output-sida er ofte lovsangen, sjølv om eit heilt gudsteneste med alle sine delar eigentleg kan sjåast på som ei samla, stor tilbeding av vår treeine Gud. Å tilbe Gud er med å skape oss om til Jesu familie, og tilbedinga gjer oss også meir og meir glad for å vere ein del av hans familie. Når vi ser og høyrer og forstår kva han har gjort for oss, kven han er for oss: stor trusglede!
5: Heime hos oss, så… hjelper vi kvarandre
1.Pet 4, 7-13
Det er fiffig kor ulike vi er i ein familie. Ulike styrkar, svakhetar, ulike interesser og ulike personlegdomstypar. Tank at barn med same foreldre, som har vokse opp i same miljø, kan likevel utvikle så ulike interesser og vere så forskjellige. Slik er det også i trusfamilien. Vi er alle lemmer på ein kropp, byggjesteinar i eit levande bygg. Nådegåvene er gjevne for at vi skal kunne tene kvarandre så det vert til oppbygging i livet. Trivsel kan vere ein indikator på at du gjer noko du er utrusta til. Vi er kalla til å tene kvarandre, tene Gud og delta i hans misjon i verda. Og vi har ansvar for å sleppe til andre sine gåver både i liva våre og i fellesskapet. Dette gjeld ikkje berre når alt går på skinner, men også når livet ikkje går som du hadde tenkt. Kanskje spesielt då!
6: Heime hos oss, så… er det plass til ein til
Luk 10,1-10
Det kristne fellesskapet har ein funksjon, eit oppdrag i denne verda. Å invitere inn til å erfare og sjå den same nåde som er gjeve oss i trua på Jesus. Dette er meir enn eit passivt «ja dersom det dukkar opp nokon, så skal vi alltids finne ein ekstra stol» haldning. Det er eit kall til å aktivt innlemme stadig nye i fellesskapet. Og det kan skje på så utruleg mange forskjellige måtar. Og det kan skje over heile verda, ikkje berre i eige nabolag. Vi som lokalt fellesskap må alltid arbeide med å styrke ein inviterande kultur i det vi gjer. Heime hos oss skal det alltid vere plass til ein til.
Det gjev oss seks praksisar/ gode vanar for kristne fellesskap
Nattverden, Fellesskap, Bøn og forbøn, Tilbeding, Teneste, Misjon
Heime hos oss, så er vi opptekne av desse praksisane.
Dette semesteret håpar vi at vi alle kan få ta nokre steg
i desse vanane: bli tryggare, forstå litt meir, og oppleve
dette som utviklande for livet og trua – i fellesskap.