Digitalt Årsmøte for Normisjon og Acta
På grunn av unntakstilstanden i landet denne våren fekk vi ikkje avvikla årsmøtet som planlagt i mars. Derfor vil vi no gjennomføre årsmøtet digitalt og per post frå dagsdato og fram til og med 10.juni.
Saksdokumenta til årsmøtet ligg tilgjengeleg nedst i denne saka. Elles får alle foreningar, lokallag og direktemedlemmar tilsendt dokumenta og svarskjema per epost eller post. (Det betyr at dei vi ikkje har epost adresse til no har fått tilsendt papira i posten) Svarfristen tek dermed omsyn til postgang.
På grunn av måten årsmøtet blir gjennomført på er det kun dei formelle sakene som blir tatt opp i denne omgang. Dette betyr at informasjonssaker frå region og enheter, samt samtaler om arbeidet vil bli tatt igjen når det er mogleg å møtast fysisk.
Sakene som står på dagsorden til dette digitale årsmøte er: 1. konstituering 2. godkjenning av regionstyrets årsmelding og regnskap, og 3. Val
Dei som har stemmerett på årsmøtet er Normisjons foreiningar, Actas lokallag, og direktemedlemmar per 31.des 2019. Normisjon sine foreiningar har ikkje stemmerett på Acta sitt årsmøte. Dei har dermed ikkje fått tilsendt papira for Acta sitt årsmøte.
Vedlegga under er årsmøtepapira (som dei som har stemmerett får tilsendt per epost/ post.:)
1. NORMISJON Informasjonsbrev til foreiningar og direktemedlemmar.
2. NORMISJON Sakliste og presentasjon av kandidatar for Normisjons årsmøtet.