Ny Regionleiar i Normisjon Sogn og Fjordane

Regionstyret har gleda av å gjere kjent at landsstyret har tilsett Jostein Bildøy (f.1966) som ny regionleiar i Sogn- og Fjordane! Jostein Bildøy har ein spennande og variert bakgrunn frå ulike stillingar i Kristen-Noreg og startar i stillinga 1.august. Han kjem frå stillinga som kyrkjelydspedagog i Flora, kor han no har ansvar for arbeidet blant konfirmantar. Regionstyret ynskjer han velkomen til Normisjon!

Kven er du, Jostein Bildøy?

– Eg bur i Førde, er gift og har tre born, to som er vaksne og eitt som ikkje lever lenger, seier han.  Guten vår som døydde då han var 13 år, var multifunksjonshemma, og difor brenn eg for at vi skal leggje til rette for at dei som har ei funksjonshemming kan ha ein naturleg plass i dei kristne fellesskapa våre, legg han til. – Elles er eg sunnmøring, men har budd og jobba i Sogn- og Fjordane den største delen av mi yrkesaktive tid. Der har eg hatt forskjellige stillingar i fleire kristne organisasjonar og Den norske kyrkja. Lengst fartstid har eg hatt som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Søndagsskulekrins, til saman 18 år vart det, fortel han. 

At Jostein Bildøy brenn for barn og unge, er det inga tvil om. Han kan mellom anna fortelje at han gjennom mange år har hatt eit engasjement for Barnevakten. – Gjennom åra har eg halde til saman omlag 400 foredrag for barn, unge og vaksne i barnehagar og ulike skuleslag. Det som engasjerte meg då eg starta opp var å finna ut meir om kva for digitale utfordringar born og unge møter, kva trendar vi kan sjå og korleis det set preg på livet deira og ikkje minst foreldrerolla, seier han. Ein periode dreiv han med dette på heiltid ut frå eige firma.- Fagleg sett har eg tilsvarande ein bachelor i kristendom, pedagogikk og leiing, og inkludert prosjektleiing, styrearbeid og teambygging, legg han til.    

Kva motiverte deg til å søkje stillinga? 

Bildøy svarar med å trekkje tråden attende til trusopplæring og born og unge. – Dei treng fellesskap å kome inn i når dei vert unge vaksne, elles fell dei ut av kristne samanhengar. Her har Acta og Normisjon ei unik moglegheit til å leggje til rette for ulike fellesskap og vidareutvikle møteplassar over tid, slik at unge menneske vert verande som kristne og kan vekse i trua, seier han. 

Han set strek under at dette kan skje på fleire måtar, anten i form av samarbeid med Den norske kyrkja og andre organisasjonar eller i form av å byggje sjølvstendige Normisjons fellesskap og Norkyrkjer. – Det er alt for få synlege alternativ og reelle moglegheiter for dei som kanskje kunne ynskt å ta del i kristne fellesskap i dag. Og å få vere med å utvikle kristne fellesskap som kan møte den aukande einsemda blant folk i samfunnet, er meiningsfullt. Fellesskapa våre har i tillegg til eit misjonsoppdrag óg eit samfunnsoppdrag, seier han engasjert. 

På spørsmål om kva han gler seg mest til når han startar opp, peiker han på fleire ting.

 – Eg gler meg til å arbeide saman med flotte folk som eg har høyrd mykje godt om. Og så ser eg fram mot å bli betre kjent med organisasjonen og ikkje minst verte kjent med alt eg til no ikkje har tenkt på. Eg gler meg til å arbeida i team, både med løna stab og frivillige. Vi treng å utvikle den teamkjensla som gjer at vi kjenner at vi står saman, sjølv om vi jobbar med sjølvstendige oppgåver på ulike arenaer.  Eg likar å utfordre litt og komme med tankar og idear som kanskje kan gje nokre nye innfallsvinklar, fortel han.

Har du hatt tid til å gjere deg nokre tankar om kva du vil leggje vekt på i stillinga? 

– Eg er glad i å reise og elskar å treffe nye folk. Eg har plan om å besøkje alle foreiningane i løpet av hausten – med god smittevernavstand, føyer han til. – Eg vil gjerne ha samtalar med fellesskapa om kva dei opplev som glede og utfordring lokalt, lufte tankar og idear mellom anna om nye arbeidsformer, gjenbruksverksemd og leirarbeid, for å nemne noko. Det vil gje meg ei moglegheit til å kartleggje og bli kjend med regionen og alle dei ressursane som finns rundt ikring, seier han til slutt.