Sommarteam 2021
Vi søkjer Team‐medlemmar til sommarteam på Fjordly og Teigen!
Arbeidsoppgåver er rekruttering av leiarar og deltakarar, planlegge og gjennomføre leirar og sørgje for trivsel og tryggleik.
Du er gjerne over 18 år, (er du over 16 kan du også søkje) har vore på leir før, har gjerne leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon! Vi drøymer nemleg om ein sommar der barn og unge får møte, følgje og ære Jesus Kristus!
Leirsesongen er mellom 18. juni og 10.aug. (Med nokre friveker innimellom.) Det blir venta at team‐medlemmene er med på flesteparten av leirane. Teamet er med på leirar både på Fjordly og Teigen.
Teamleiaren er ansvarleg for leirane og denne stillinga vil utgjere meir arbeid og krev større kompetanse og erfaring. Acta‐leiar er næraste overordna.
Du får lønn, innføringskurs, opplæring i førstehjelp og brannvern, og kanskje viktigast; store leiropplevingar saman med barn og unge!
Sommarteamet er forplikta på Normisjon sitt verdidokument og ein må kunne vise politiattest av nyare dato (dette hjelper vi til med).
Fortel oss kvifor du vil vere med! Søknaden sender du til Acta‐leiar Stine Hopland (stine.hopland@normisjon.no). Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar. Ta kontakt på mail om du lurer på noko.
Søknadsfrist: 5. april. Melding om evt tilsetjing ca 15.april.
NB: Det blir teke forbehold om at koronarestriksjonane tilseier at vi kan arrangere leir. Dersom vi ikkje kan ha leir, blir det heller ikkje høve til å tilsetje team.