ÅRSMØTEPAPIR

I år som i fjor blir det eit noko forenkla årsmøte i regionen. I denne omgang kun med dei formelle årsmøtesakene som godkjenning av årsrapport og reiknskap, samt val av styre. Evt andre saker vil bli tatt når vi kan møtes til hausten.

Kjære alle saman!

Vi er og har vore i ein særskild situasjon det siste året. Konsekvensane av koronaviruset er store, og har påverknad på oss på mange områder. Som følgje av dette, kunne vi ikkje avvikle årsmøtet som planlagt i mars 2020, og heller ikkje no i mai 2021. Vi har derfor no valt å gjennomføre årsmøtet digitalt, og evt per post, på lik linje med det vi gjorde i 2020.

De som ikkje har tilgang på epost, får moglegheiten til å respondere ved å sende svar per post. Derfor foregår årsmøtet over ei periode som tek omsyn til postgang.

I denne omgang tek årsmøtet bare opp dei formelle årsmøtesakene med val av styre, samt godkjenning av årsrapport og rekneskap for 2020. Evt andre saker som blir sendt inn til årsmøtet vil ein ta att når det blir høve til å samlast fysisk evt ved å ha ei digitalsamling til hausten.

Saksdokumenta ligg tilgjengeleg nedst i denne saka. Der vil du til informasjon og finne årsrapportar og reknskap for Innvik Fjordhotell misjonsheimen, Fjordly, Holmely og Teigen. Alle sakspapira til sjølve årsmøtet er samla i ei fil. Dei foreningane og medlemmane som ikkje har epost vil få tilsendt sakspapira per post i løpet av dei komande dagane.

All respons på årsmøtesakene må vere innkome til regionskontoret innan 11.06.2021. Anten på epost til sof@normisjon.no eller per post til; Normisjon region Sogn og Fjordane, pb 162, 6821 Sandane.  (Dersom de nyttar post, hugs å reikne tid til postgang.)

Meir informasjon om gjennomføringa av årsmøte finn du i sakspapira!

SAKSPAPIR REGION ÅRSMØTE

Årsrapport og rekneskap FJORDLY

Årsrapport og rekneskap HOLMELY

Årsrapport og rekneskap TEIGEN

Årsrapport og rekneskap INNVIK FJORDHOTELL MISJONSHEIMEN